Til Telemark tilbyr program med hardingfelespel og kunnskapsbaserte kulturprogram innan rammene av det Telemark har å by på innan kultur, industri og teknologi. Spelemann og gründer Torgeir Straand er ein dyktig spelemann og kulturformidlar. Til Telemark presenterer levande tradisjonar og folkemusikk også i ny og uventa innpakning.
Til Telemark byr på kulturprogram om folkekultur, litteratur og høgteknologi, formidla av spesialistar på feltet. Opplev ulike kulturuttrykk knytt til kultur, natur og industrimiljø i Telemark.
Vi har tilgang på dei beste utøvarane innan musikk, kultur, folkekunst og ingeniørkunst frå Telemark. Som kulturformidlarar freistar vi å ta vare på det beste av det gamle og kombinere dette med det beste av det nye. Kontakt oss for informasjon og bestilling.