HARDINGFELAS TRADISJON OG FRAMTID I FOKUS
Til Telemark AS er ansvarleg for gjennomføring av ei tretrinnsplan for Norsk hardingfelesenter som går over tre år, frå 2015 til 2017.
Vi ønskjer i denne perioden å gjere ein innsats for hardingfela. Organisert arbeid for hardingfela har pågått i Bø heilt sidan den fyrste kappleiken blei skipa på Grivi i 1888. Seinare har arbeidet skjedd gjennom Bø Ungdomslag rundt førre århundreskiftet. For å ta oppkonkurransen mot trekkspelet kom Spelemannslaget Bøheringen i 1934. Seinare tok m.a. Torkjell Haugruds minnefond initiativ til organisert hardingfelearbeid i regi av Telemark fylke på 1970-talet. På 1980-talet starta Heidi Løvlund Bø juniorspelemannslag. I norsk samanheng kom hardingfela inn i den kommunale musikkskulen i Bø, alt på 1980-talet. I vår tid er Norsk hardingfelesenter eit ekstra verktøy Bø kommune har i arbeidet for å skape aktivitet rundt hardingfela. Vi definerer eit hardingfelesenter som der aktiviteten skjer.
I 2015 og 2016 er det arrangert to fyldige årsprogram med fokus på det lokale og regionale. I 2017 skal fokus også vera internasjonalt.
Les meir på www.fela.no og følg Norsk hardingfelesenter på Facebook for oppdateringar.